Babettes gjestebod (PREMIERE)

Arrangementsinformasjon

Bli med på premiere i Olsvik kirke!

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei historie om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys.

Babette vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje. Gjennom sin matkunst, sin dedikasjon og dei midlane som uventa tilkjem henne, steller ho i stand eit gjestebod som overgår all fantasi. Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar hennar oppleving av meining i livet. 

Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.

Vi skal spele denne framsyninga i kyrkjene i Hordaland (med få unnatak).  Frå vår ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om historia om Babette. Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin Bispedømmeråd og Kulturfest i Olsvik kirke inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

Foto: Thor Brødreskift


Program og kunstnere finner du her: WWW.KULTURFEST.NO

Følg oss på Facebook: @KulturfestOlsvik

hordalandteater
teater
premiere
babette
kulturfest
kulturfestolsvik

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.